Lettvint og trygt:
- oppgje antal billettar og ei epostadresse som billett(ane) kan sendast til
- betal trygt med VISA eller MasterCard
- inga ekstra billettavgift!
- skriv ut billett(ane) på ein vanleg skrivar.
Dersom turen er utselt kan du senda oss ein epost
og melda deg på venteliste. Evt. billettkjøp på telefon: 53 48 29 99. Selde
billettar vert ikkje refunderte.
Sal av billettar kvar dag også på Bergen Turistinformasjon.
Mange opplevingar i Rosendal og omegn
Hesteskyss i Rosendal
Kvinnherad Hesteskysslag tilbyr transport med hest og vogn på førespurnad,
kontakt Kvinnherad Hesteskysslag på tlf 918 93 330.
Omvisning
i Kvinnherad Kyrkje
Ei av våre vakraste middelalderkyrkjer, bygd i stein omkring 1250.
Eid av Baroniet Rosendal fra 1678 - 1910. Gravkammer fra ca. 1670 med
vakre sarkofager.
Steinparken, Rosendal På vegen ned frå Baroniet Rosendal kan du også oppleva
ein liten skjult skatt i Rosendal: Steinparken
med store, små, majestetiske, sjeldne, 2500 millionar år gamle
steinar frå heile Folgefonnhalvøya. Ein liten oase med vatn,
skog, steinar, rasteplassar og ei restaurert oppgangssag.
Steinparken er utforma i samarbeid med skulptør Bård Breivik
og steinhoggar Rolf Karlsen, geologane Johan Naterstad og Øystein
Jansen.
Vandring Rosendal har mange vandreruter for store og små, lette eller utfordrande
alt etter humøret og formen. Ta kontakt med turistkontoret på
kaien for turforslag.
Hattebergsfossen, Rosendal
Ein fin liten spasertur
rundt Hattebergsfossen på sti i lett kupert trerreng.
Stien går langs elva forbi fossen, kor ein kan gå over ei
bru ovanfor fossen og koma ned til landskapsparken på den andre
sida. Utsikt til fossen frå landskapsparken.
Bondhusbreen, Sundal
Ein lett, fin spasertur på skogsbilveg til Bondhusvatnet med storslått
utsikt til Bondhusbreen og Keisarstien. Også fint utgongspunkt for
fotturar til Fonnabu og Folgefonna. (NB: 22 km frå Rosendal, buss
i retning Odda.)
Hardangerfjord Sightseeing kvar søndag i juli og august
Opplev Hardangerfjorden med idylliske stadar, fjell og fossefall.
På turen ser vi Varaldsøy, Jondal, Norheimsund og den storslåtte
Fyksefjorden frå orkesterplass! Komfortabel båt med soldekk
og kiosk.
Avreise Rosendal kl. 12.00
Ankomst Rosendal ca. kl.15.30