I 1658 sto det bryllup mellom Norges rikaste arving og ein stolt dansk adelsmann.
Karen Mowat og Ludvig Rosenkrantz fekk garden Hatteberg i Kvinnherad i bryllupsgåve,
og her bygde dei seg sitt vesle slott som dei kalla Rosendal. Slottet sto ferdig
i 1665.
Kong Christian V av Danmark-Norge opphøga godset til Baroni i 1678. Frå
1745 var Baroniet Rosendal eigd av slekta Rosenkrone som Stamhus, inntil Universitetet
i Oslo fekk det i gåve i 1927.
Den Weis Rosenkroneske Stiftelse, tilknytta Universitetet i Oslo, har i dag
eigaransvar for slottet, park, hage, husmannsplassen Treo, Fruehuset og Avlsgården
med det omkringliggjande kulturlandskapet.
Baroniet Rosendal fekk status som halvoffentleg museum i 1990 og vart oppteke
i det nasjonale museumsnettverket som eige konsolidert museum i 2004.