 |
Forundringspakke på
Baroniet Rosendal
Gje ein forundringspakke i gåve! Kulturprogrammet for 2012 vil ikkje verta offentleggjort før ved påsketider, men det er allereie no mogeleg å kjøpa billettar til dei mest populære konsertdagane.
Dersom du ynskjer eit anna arrangement når kulturprogrammet vert offentleggjort, er det fullt mogleg å endra til ein annan ledig dato.
Kjøp gåvekort på Baroniet
Rosendal her |
 |
Årskort 2012 på
Baroniet Rosendal
Fri entré heile sesongen til Slottet frå 1665 inkl kunstutstilling i vinkjellaren og Rosendal Have, samt
husmannsplassen Treo og Kvinnherad kyrke (eigne opningstider) Pris ved kjøp t.o.m. 20.mai kr 100,- Pris f.o.m. 21.mai kr 150,-. Årskortet inkluderer også fri entré for eigne barn / barnebarn under 18 år.
Kjøp Årskort 2012 på Baroniet
Rosendal her |
 |
Kulturprogrammet:
Kulturprogrammet 2012 vert i sin heilskap offentleggjort rundt påsketider.
Sjå kulturprogrammet frå 2011 her
|
 |
Kunstutstillingar
i Vinkjellaren
Kunstutstillingane på Slottet frå 1665 vert arrangert ut frå eit ynskje om å vidareføre kulturhistorien og tradisjonar som høyrer staden til. Stamhusbesitter Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone (1823-1896)
var svært interessert i billedkunst, og i slottet sine salar kan ein framleis beundra orginalmåleri frå nasjonalromantikken. |
 |
Dagstur dagleg frå Bergen og Os/Solstrand med hurtigbåt heile året
Mandag - fredag:
Bergen 08.50 - Os/Solstrand 09.55 - Rosendal 10.45,
retur fra Rosendal 14.25, ank. Os/Solstrand 15.15, ank. Bergen 16.20
Lørdag - søndag:
Bergen 11.00 - Os/Solstrand 12.05 - Rosendal 12.55,
retur fra Rosendal 16.35, ank. Os/Solstrand 17.25, ank. Bergen 18.30
14. mai - 11. september 2011: Pakketilbod med omvising på 1600- tals
slottet kl. 12.00 og 2- rettars lunsj i Havecaféen med sesongens
ingrediensar frå Kjøken- og Urtehagen.
Kjøp fjordcruisepakke frå Bergen
Kjøp fjordcruisepakke frå Os/Solstrand
|
 |
Omvising
på 1600-talsslottet
Ei omvising i herskapsetasjen er ei vandring gjennom ulike stilepokar. Rom og salar er forma av ulike eigarar
gjennom 250 år, og slottet er framleis bevart som ein heim slik dei siste eigarane forlet det i 1927. |
 |
Omvising i Kvinnherad
Kyrkje
Ei av landet sine vakraste middelalderkykjer bygd i stein kring 1250. Den var i Baroniet Rosendal si eige frå 1678-1910. |
 |
Overnatting
på Rosendal Avlsgård & Fruehus
Bed & Breakfast på Baroniet Rosendal sin eigen gard, restaurert
tilbake til 1850. Enkle, romantiske rom og frokost i Storakjøkenet
med heimebakte rundstykke og fyr på grua. |
 |
Restaurant på
Rosendal Avlsgård & Fruehus
Overnatting med frukost på Baroniet Rosendal Gård & Fruehus frå 1850 åra. (Restaurert i 1993).
Frukosten vert servert i Storakjøkenet med fyr på grua og tente stearinljos. Tilbod om 3 rettars middag (NB! Bordbestilling!) |
 |
Restaurant i Rosendal
Drivhus
Opplev det nyrestaurerte Rosendal Drivhus med lekre lunsjrettar med økologisk
dyrka råvarer frå kjøken- og urtehagen. |
 |
Thee &
Caffesalong i Havestuen
I Havestuen vert det servert heimebakte kaker, kaffi og vår eigen
te komponert spesielt for Baroniet Rosendal: Baronessens Rosethee. Souvenirar,
kunstkatalogar og kunstplakatar. |
 |
Slottsaften
i Den Blå Sal
Opplev ein slottsaften på 1600- talsslottet. Apéritif i Vinkjellaren,
stemningsomvising med levande lys, 3 eller 5 rettars middag i Den Blå
Sal (max. 36 pers.) og avslutning med kaffi og kaker ved 1600- tallsgrua
i Gamlakjøkenet. Det er også mogeleg å få privat
konsert i Den Røde Sal. |
 |
Rosendal Hage
Vandring på eiga hand i Rosendal Hage eller med guide (kun
på bestilling). Det over 60 mål store hageanlegget spenner
frå rosehagen med parterremønster frå renessansen til Victoriansk
landskapspark frå rundt 1850, og den nyrestaurerte kjøken- og
urtehagen. |
 |
Husmannsplassen
Treo med husdyr og aktivitetsdagar
I utkanten av landskapsparken ligg Husmannsplassen Treo med husdyr og
aktivitetsdagar i sesongen |
 |
Utstilling av
Venjebåtar og Vogner
I uthuset kan ein sjå familien Rosenkrone sine gamle venjebåtar (robåtar
med eit lite hus over akterenden), karjolar og hestekjerrer. |
 |
Tenarane sitt liv
på slottet
Tenarane sitt liv på slottet vert heidra med bakst i Gamlakjøkenet
og spinning i Borgstovo i sommarsesongen. Servering av heimelaga bakverk
i Gamlakjøkenet og Thee- og Caffesalongen på slottet. |
 |
Tur rundt Hattebergsfossen
Ein fin liten spasertur til Hattebergsfossen på sti i lett kupert
trerreng. Stien går langs elva forbi fossen, der ein kan gå
over ei bru ovanfor fossen og koma ned til landskapsparken på den
andre sida. Utsikt til fossen frå landskapsparken. Her finst kart over
området. |
|
Landskapspleiarane
Baroniet Rosendal har 200 uvurderlige landskapspleiarar som sørgjer
for at det flotte kulturlandskapet som inngår i Marcus Gerhard Hoff
Rosenkrone sin hagekunst framleis er eit flott skue. På turen til Hattebergsfossen
er sjansen stor for at du kan få helsa på desse. Her finn
du kart over innmarka rundt slottet og Avlsgården der sauene våre
går på beite. |
 |
Folgefonna
Nasjonalpark
Baroniet Rosendal er del av eit unikt og heilheitleg kulturmiljø som
strekkjer seg frå Hardangerfjorden og heilt opp til isbreen Folgefonna.
Kulturmiljøet, Baroniet Rosendal, er del av ein mektig natur med
fjord, fonn, fjell og fossefall. |