Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Forsiden Festivalcruise med MS Sandnes frå Stavanger og Haugesund

Festivalcruise med MS Sandnes frå Stavanger og Haugesund

Veteranbåten MS Sandnes går frå Stavanger og Haugesund til Rosendal og vil liggja som hotellskip midt i Rosendal sentrum under Rosendal Kammermusikkfestival.

MS Sandnes er ein svært vakker og autentisk veteranbåt som er kjent som «Nattruten» mellom Sandnes/Stavanger og Bergen frå 1950 til 1974.

Billettar og pakkar

Oversikt over festivalcruisepakkar inkludert billettar til konsertar og foredrag finn du her.
Nedlastbar oversikt over festivalcruisepakkar med billettlinkar finn du her. (pdf)

Festivalcruise

NB: det har kome nokre små endringar i seileplanen som vi håpar er mogeleg å få til:

Rutetider torsdag 10. august:
Kl. 09.30 08.00 Avreise Vågen i Stavanger
Kl. 12.15 10.45 Avreise Garpaskjærskaien, Haugesund
Kl. 17.00 15.30 Ankomst Rosendal

På grunn av stor trafikk på Vågen i Stavanger er det ønskeleg å ha avreise kl. 08.00 torsdag. Alternativet er at båten finn ein ny kai i Stavanger og ventar der på sistemann.

Tidlegare avreise gjev også betre tid i Rosendal før opningskonserten. Lugaren er klar onsdag kveld for dei som vil overnatta ei ekstra natt utan annan kostnad enn evt. å kjøpa frukost ombord torsdag. Gje beskjed om dette til linda@baroniet.no eller telefon 99 31 51 95.

Epost er sendt ut, sjekk eposten du brukte til å kjøpa billettane med, eventuelt søppelposten din. Spørsmål? Ta kontakt med Linda på 99 31 51 95.

Retur søndag 13. august:
Kl. 11.00 avreise Rosendal
ca. kl. 15.00 ankomst Haugesund (Garpaskjærskaien)
ca. kl. 18.00 ankomst Stavanger (OBS: ank. Risavika Mekjarvik)

Restauranten serverer dagens 3-retters middag (inkludert i festivalpakkane) i autentiske omgjevnader med utsikt til fjord og fjell, midt i Rosendal sentrum under festivalen.

Då den var bygd på oppdrag av Sandnes Dampskibsaktieselskab etter krigen var målet at den skulle vera så flott at den konkurrerte ut Det Stavangerske Dampskibsselskab si rute på den same strekninga. Båten som vart levert i 1950 var så flott at ingen hadde sett på makan, og Det Stavangerske Dampskipsselskab måtte gje opp ambisjonane om å ha den finaste båten.

MS Sandnes er i dag Norges største veteranbåt og godkjent som verneverdig skip av Riksantikvaren. Den har vorte restaurert tilbake til si fordums prakt, med den originale grønfargen og originalt interiør i salongar og lugarar.

Lugarane er enkle etter dagens standard med dusj og toalett på gangen, men dei aller fleste har vask på lugaren.

Reise og opphald i eitt: Om du går på i Stavanger eller Haugesund får du ha lugaren din på heile turen. Lettvint og greit. Frukost er inkludert alle dagar.

Sjekk inn – pust ut

Ingen stress med bilkjøring og ferjekøar. Nyt eit avslappande fjordcruise til kjekke festivaldagar i Rosendal, lettvint og greit.

Billettar og pakkar

Vi har halde av ein del billettar til dei som vil ha «alt» i ein pakke. Oversikt over fiks ferdige festivalcruisepakkar inkludert billettar til konsertar og foredrag finn du her.
Nedlastbar oversikt over festivalcruisepakkar med billettlinkar finn du her. (pdf)

NYHEIT: økonomipakke og spesialprisar for ungdom under 28 år med 3 overnattingar på dekk D (nederst) på båten.

Overnatting m/frukost 3 netter på m/s Sandnes, det er valgfritt om ein går ombord i Stavanger, Haugesund, eller Rosendal. OBS: båten returnerer til Stavanger søndag føremiddag, slik at om du vil ha med dei to siste konsertane må du ta buss/båt tilbake til Stavanger.

Inkludert:

  • Alle foredrag fredag, lørdag og søndag
  • Åpningskonserten torsdag
  • Konsertene fredag kl 14.30 og kl 22
  • Konsert lørdag kl 11

Pris vaksne: kr 5500 i enkeltrom, kr 4500 p.p. i dobbeltrom
Pris ungdom under 28 år: kr 3600 i enkeltrom, kr 3000 i dobbeltrom

Mozart! Rosendal Kammermusikkfestival 2017

Høyr Leif Ove Andsnes spela og presentera Rosendal Kammermusikkfestival 2017 her (skru på lyd!)

Sjå festivalprogrammet